Gjuvsgrendi kraftverk

Registreringsnummer
5398
Saksnummer
200800899
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
26.05.2014
Tiltakshaver
Gjuvsvrendi kraftverk
Fylke
Buskerud
Kommune
Nore og Uvdal
Vassdragsområde
015.H6Z
Søkt produksjon
7,50 GWh

NVE gjev ikkje løyve til å bygge Eidsåa kraftverk og Gjuvsgrendi kraftverk i Nore og Uvdal kommune. Søknadene er avslått grunna negative verknader for eit bekkekløftsystem av regional til nasjonal verdi.

I vurderinga legg NVE og vekt på at Eidsåa er attraktiv for elvepadlarar, og at særlig Eidsåa kraftverk vil få negativ konsekvens for padlarane. Etablering av røyrgata for Gjuvsgrendi kraftverk er anleggsteknisk krevjande og NVE har i vurderinga lagt vekt på dei landskapsmessige verknadene som følgje av røyrgata.

Eidsåa kraftverk og Gjuvsgrendi kraftverk var begge tenkt bygd i elva Eidsåa, og hadde ein forventa produksjon på høvesvis 9,1 og 7,5 GWh/år. Søkjer i begge prosjekt er grunneigarar med fallrettar tilknytt elva.

Begge kraftverka ligg i eit bekkekløftsystem med avgrensa naturtypar av regional og nasjonal verdi Det er registrert fuktkrevjande raudlisteartar som vil bli påverka negativt i vesentlig grad. NVE meiner at mangfaldet av artar og dei økologiske prosessane i bekkekløftsystemet vil bli påverka negativt ved fråflytting av vatn og av fysiske inngrep. Prosjekta vil og få negative konsekvensar for naturtypar som Norge har eit internasjonalt ansvar for.

Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. Tiltaka det er søkt om er difor i strid med OED sine retningslinjer, og NVE ser ikkje at tiltak kan avbøte dei negative konsekvensane i tilstrekkeleg grad.

NVE vurderer det slik at ei utbygging av kraftverka ikkje er akseptabel i høve til allmenne interesser, og gjev på bakgrunn av dette ikkje løyve til Eidsåa og Gjuvsgrendi kraftverk.

Lenke til Eidsåa kraftverk