Gjerdalsvatnet kraftverk

Registreringsnummer
5397
Saksnummer
200800904
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
18.04.2012
Tiltakshaver
Nord-Norsk Småkraft AS
Fylke
Nordland
Kommune
Sørfold
Vassdragsområde
167.D2
Søkt produksjon
9,30 GWh

NVE har avslått konsesjonssøknaden frå Nord-Norsk Småkraft AS om bygging av Gjerdalsvatnet kraftverk.

Kraftverket var planlagt å nytte eit fall på 76 meter i Stillelva/Gjerdalselva i fossen ned mot Gjerdalsvatnet. Med ein installert effekt på 3,0 MW ville kraftverket produsert om lag 9,3 GWh/år ved normalt tilsig. NVE har lagt avgjerande vekt på at fråføringa av vatn i fossen ned mot Gjerdalsvatnet er negativt for landskapet og opplevinga av dette ved utøving av friluftsliv. NVE meiner det ikkje er mogeleg å redusere ulempene med avbøtande tiltak. Gjerdalen er registrert som eit svært viktig friluftsområde i Sørfold kommune, og området rundt Gjerdalsvatnet er godt tilrettelagt for friluftsliv.

Dei negative konsekvensane ved bygging av Gjerdalsvatnet kraftverk står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE vurderar at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til ålmenne interesser og gjev difor ikkje løyve til Gjerdalsvatnet kraftverk.