Storfossen kraftverk

Registreringsnummer
5369
Saksnummer
200800108
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Mini-/mikrokraftverk
Status
Utgått/bortfalt
Fylke
Trøndelag
Kommune
Namsos
Vassdragsområde
138.2A
Søkt produksjon
3,94 GWh

NVE gir Namdalseid kommune løyve til regulering av Statlandvatnet, Storvatnet og reetablering av to kraftverk i Statlandvassdraget, Namdalseid kommune.

Namdalseid kommune får løyve til å regulere Statlandvatnet med 2,7 meter og Storvatnet med 3 meter samt reetablering av Storfossen minikraftverk og Lillefossen mikrokraftverk. NVE legg vekt på at tiltaket vil kunne betre tilhøve for dagens produksjon av smolt ved eksisterande settefiskanlegg og ny kraftproduksjon på ca. 4 GWh i tidlegare anlegg.
Av omsyn landskap, friluftsliv og storlom i og ved Storvatnet og Statlandvatnet blir reguleringa noko begrensa i sommersesongen. Det skal av omsyn til biologisk mangfold og friluftsinteressar sleppast ei minstevassføring i utløpselva frå Finnhallerdammen ved Storvatnet, frå Statlandvatnet forbi inntaket til Storfossen kraftverk og forbi inntaket til Lillefossen kraftverk. heile året. Med dei fastsette vilkåra meiner NVE at fordelane ved tiltaket samla sett er større enn dei negative konsekvensane for allmenne og private interessar.