Haukvik Kraft-Smolt stamfisk

Registreringsnummer
5367
Saksnummer
200709827
Overordnet sakstype
Andre inngrep
Sakstype
Vannuttak
Underordnet sakstype
Overflatevann
Formål
Akvakultur
Status
Utgått/bortfalt
Tiltakshaver
HAUKVIK GENBANK AS
Fylke
Trøndelag
Kommune
Heim
Vassdragsområde
113.A

Løyve til uttak av vatn til Haukvik Kraft-Smolt AS
NVE har gjeve Haukvik Kraft-Smolt AS løyve til regulering og vassuttak frå Middagslivatnet til Skittenholvatnet og overføring av Skytnesbekken til Skittenholvatnet for bruk i genbankanlegget. I tillegg vil det gje ein årleg produksjon i underkant av 5,2 GWh, det vil seie straum til om lag 250 husstandar.

Haukvik Kraft-Smolt AS får løyve til å regulere Middagslivatnet med 3 meter og overføre vannet til Skittenholvatnet samt overføre Skytnesbekken til Skittenholvatnet i Hemne kommune i Sør-Trøndelag.

Av omsyn til allmenne interesser i dei rørte områdane skal det sleppast ein årleg minstevassføring i alle delar av vassdraga som er og vil bli påverka av tiltakane. Av omsyn til landskapet og friluftsliv skal det leggast vekt på å minimalisere inngrepa i området. NVE vil sjå til at dette vert ivareteke gjennom godkjenning av detaljplanar for anlegget og oppfølging i byggetida.

NVE meiner at planlagt uttak av vatn med avbøtande tiltak, vil bli akseptabel med tanke på allmenne og private interesser.

I medhald av oreigningslova er det og gjeve løyve til å oreige grunn- og fallrettighetar for å gjennomføre tiltakane.