Moråga kraftverk
- Registreringsnummer
- 5342
- Saksnummer
- 200800042
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Status
- Avslått søknad
- Vedtaksdato
- 22.10.2010
- Tiltakshaver
- Sjøfossen Energi AS
- Fylke
- Nordland
- Kommune
- Beiarn
- Vassdragsområde
- 161.B4
- Søkt produksjon
- 7,90 GWh
NVE seier nei til bygging av Moråga kraftverk i Beiarn kommune, Nordland. NVE meiner fordelane ved bygging av kraftverket ikkje veg opp for skadar og ulemper som påførast allmenne interesser.
Sjøfossen Energi AS har søkt om løyve til å bygge Moråga kraftverk i elva Moråga, eit sidevassdrag til Beiarelva i Beiarn kommune. Kraftverket er planlagt med ein installert effekt på 2,8 MW, og ein årleg produksjon på ca. 8 GWh, noko som svarar til den årlege straumbruken til rundt 400 husstandar. Hovudargumentet for avslaget på søknaden er dei negative verknadene ei utbygging vil ha på landskapet i Beiardalen. Etter NVEs syn utgjer Moråga eit viktig lokalt landskapselement, som har stor verdi for bebuarar og tilreisande til Beiardalen. I tillegg vil ein rørtrasé og anleggsveg medføre terrenginngrep som også har ulempar for landskapet og korleis det blir oppfatta. NVE meiner at dei negative konsekvensane ikkje står i høve til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. Etter NVEs syn er det heller ikkje moglegheiter for å bøte på verknadene med tiltak, og vurderar at utbyggingsplanane ikkje er akseptable i høve til allmenne interessar, og gir derfor ikkje løyve til bygging av Moråga kraftverk.