Øyelva kraftverk

Registreringsnummer
5340
Saksnummer
200900558
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
20.08.2014
Tiltakshaver
Øyelva kraftverk SUS
Fylke
Trøndelag
Kommune
Overhalla
Vassdragsområde
139.B1Z
Søkt produksjon
4,80 GWh

NVE seier nei til søknad frå Øyelva Kraftverk om løyve til bygging av Øyelva kraftverk i Overhalla kommune i Nord-Trøndelag av omsyn til naturmangfaldet og fare for kvikkeireskred.    

 

Øyelva kraftverk var planlagt i Øyelva, med ein installert effekt på 1,6 MW og ein årleg produksjon på om lag 4,8 GWh. 

Avslaget er gitt etter ein samla vurdering av verknadane for allmenne interesser. NVE meiner at anleggsarbeid kan utløyse kvikkleireskred i området, og at eit mogeleg skred kunne ha førd til store skadar.  

Øyelva er ei sideelv til Namsen, som er ein del av det nasjonale laksevassdraget Namsenvassdraget. For å bygge kraftverket er det naudsynt med inngrep på stader i elva der det går laksefisk (anadrom strekning), noko som etter NVE sitt syn er konflikt med verneregimet som gjeld i nasjonale laksevassdrag og følgeleg også OED sine «Retningslinjer for små kraftverk». I tillegg er dei to raudlista artane gullprikklav og gubbeskjegg påvist innanfor utbyggingsområdet. Naudsynt skogshogst vil påverke artane negativt.

 Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. Ut frå eksisterande kunnskap er det ikkje kjend om sikringstiltak kan minske fare for skred til eit akseptabelt nivå. Vidare meiner NVE at dei negative konsekvensane for naturmangfaldet ikkje kan vegast opp med avbøtande tiltak.

 NVE vurderer det slik at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabelt i høve til allmenne interesser og gjev difor ikkje løyve til Øyelva kraftverk.  

Kontaktpersoner:

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89

 Rådgjevar: Ellen Lian Halten, tlf 22 95 99 18