Tiemann kraftverk

Registreringsnummer
5338
Saksnummer
200705722
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
03.04.2013
Tiltakshaver
Bekk og Strøm AS
Fylke
Troms
Kommune
Nordreisa
Vassdragsområde
208.321Z
Søkt produksjon
3,20 GWh

NVE seier nei til søknad frå Bekk & Strøm AS om løyve til bygging av Tiemann kraftverk i Nordreisa kommune i Troms. Avslaget er hovudsakleg grunngjeve med konsekvensane for landskapet.

Tiemann kraftverk er søkt som to alternativ. Det eine alternativet har inntak på 290 moh og kraftstasjon på 15moh og vil få ein årleg middelproduksjon på 3,2 GWh etter omsøkte planar. I det andre alternativet er inntaket flytta ned til 193 moh, og årleg middelproduksjon vil vere 2,4 GWh.

NVE meiner at redusert vassføring i Fosselva og inngrep forbunde med inntaket og røyrgata vil vere negativt for landskapet og for friluftslivet i området. Nedgraving av røyrgate med det øvre inntaket vil krevje graving i ustabile massar, medan røyrgata med det nedre inntaket vil kunne endre dei hydrologiske forholda i eit kildeområde like ved. Det er to bekkekløfter på strekninga som vert råka, i den eine er det funne sjeldne artar, og det er potensial for raudlista artar her. Området vert også nytta av reindrifta, og ei realisering av kraftverket kan gje midlertidige ulemper for reindrifta.

Konsekvensane for landskapet vert vege opp mot verdien av ny fornybar energi og samfunnsmessige verknadar som fylgje av inntekter. Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE vurderer det slik at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til allmenne interesser og gjev difor ikkje løyve til Tiemann kraftverk.