Finse kraftverk

Registreringsnummer
5328
Saksnummer
200710016
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Utgått/bortfalt
Fylke
Vestland
Kommune
Ulvik
Vassdragsområde
012.CK3
Søkt produksjon
3,90 GWh

Utsatt byggefrist. Ny frist er 26.11.2020

 

NVE gjev Hardangeralliansen løyve til å bygge Finse kraftverk i Ulvik herad, Hordaland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 3,5 GWh, noko som svarar til straumbruken til 175 husstandar. Løyvet vert overførd til Finse kraftverk AS 02.03.2015.

Hardangeralliansen har søkt om løyve til å bygge Finse kraftverk i Finseåi i Ulvik herad. Kraftverket er planlagt med ei installert effekt på 1,47 MW og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på 3,5 GWh.

Ved planlagt inntaksområde finnes allereie ei demning for inntak av vatn til Finsesamfunnet, og det går ein veg fram til denne. Det er ikkje påvist verdifulle vegetasjons- eller naturtypar innan tiltaksområdet. Det er heller ikkje funne raudlista artar som er knytt til elvestrengen eller inntaksområdet. Villrein nyttar beiteområde rundt Finse, men i variabelt omfang på grunn av støy frå sentrale områder rundt Finse stasjon. Utbygginga vil medføre nokre negative verknader for landskapet. NVE meiner likevel det er mogleg å avbøte desse ved slepp av tilstrekkeleg minstevassføring, og gjennom miljøtilpassing av dei planlagde inngrepa.

NVE meiner fordelane i høve til allmenne interesser er større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverket og gir difor løyve til Finse kraftverk på fastsette vilkår.
br>Kontaktpersonar
Seniorrådgjevar Gry Berg, tlf. 22 95 92 20
Avdelingsingeniør Ingri Guren, tlf. 22 95 91 59