Ljøen kraftverk

Registreringsnummer
5306
Saksnummer
200709033
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
04.03.2011
Tiltakshaver
Småkraft AS
Fylke
Møre og Romsdal
Kommune
Stranda
Vassdragsområde
098.50
Søkt produksjon
7,90 GWh

NVE seier nei til bygging av Ljøen kraftverk i Stranda kommune i Møre og Romsdal. NVE meinar fordelane ved bygging av kraftverket ikkje veg opp for skadar og ulempar som blir påført ålmenne interesser.

Småkraft AS har søkt om løyve til å byggje Ljøen kraftverk i Ljøelva. Kraftverket er planlagd med ei installert effekt på 2,3 MW, og ein årleg produksjon på om lag 8,3 GWh, noko som svarar til den årlege straumbruken til rundt 415 husstandar.

Utbyggingsområdet er del av eit fjordlandskap av internasjonal verdi som har stor betydning for reiseliv. Ei utbygging som omsøkt vil etter NVE si meining ha store negative konsekvensar for landskapsverdiane og kan bidra til å svekkje regionen sin eigenart.

NVE meinar at dei negative verknadane av Ljøen kraftverk er større enn nytta ved auka kraftproduksjon og andre positive effektar av ei utbygging. Vi vurderar at ei utbygging ikkje er akseptabel i høve til ålmenne interesser, og gjev difor ikkje løyve til bygging av Ljøen kraftverk.