Vulu kraftverk

Registreringsnummer
5304
Saksnummer
200709488
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
16.05.2012
Tiltakshaver
Øvre Otta Da
Fylke
Innlandet
Kommune
Skjåk
Vassdragsområde
002.DHHA
Søkt produksjon
25,40 GWh

NVE seier nei til bygging av Vulu kraftverk i Skjåk kommune i Oppland. Øvre Otta DA får ikkje løyve av omsyn til betydelege inngrep i eit sårbart høgfjellsområde.

Vulu kraftverk var planlagt med ein installert effekt på om lag 9MW og ein årleg produksjon på om lag 21,6 GWh, noko som svarar til straumbruken til 1000 husstandar.

Bakgrunnen for avslaget er at Vulu kraftverk vil føre til store og omfattande inngrep i eit sårbart høgfjellsområde og dermed i strid med Olje- og energidepartementets retningsliner for små kraftverk. Ei redusert vassføring vil òg føre til at elva si verdi som landskapselement vil bli betydeleg redusert.  

Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE meiner at dei negative konsekvensane av ei utbygging ikkje kan avbøtast med avbøtande tiltak. NVE vurderar at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til ålmenne interesser og gjev difor ikkje løyve til Vulu kraftverk.