Bjuråga kraftverk

Registreringsnummer
5296
Saksnummer
200709293
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Utgått/bortfalt
Tiltakshaver
CLEMENS KRAFT AS
Fylke
Nordland
Kommune
Hemnes
Vassdragsområde
155.B2Z
Søkt produksjon
7,00 GWh

NVE gjev løyve til å bygge Bjuråga kraftverk og Bryggfjelldal kraftverk. Begge tiltaka ligg i Hemnes kommune i Nordland. Kraftverka vil få ein årleg produksjon på omlag 19 GWh, noko som svarar til straumbruken til omlag 950 husstandar.

I vedtaka har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Bjuråga kraftverk og Bryggfjelldal kraftverk vil vere bidrag til fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøeffektar.

Fjellkraft AS er står bak søknaden for Bjuråga kraftverk. Dei viktigaste problemstillingane er slik NVE ser det, omsynet til grottesystemet, friluftslivsinteresser, reindrift, spesialiserte artar i fosserøyksona og gamal barskog. Søkjar har imøtekome mange av problemstillingane som vart fremja i høyringsrunda, til dømes er kraftverksplasseringa flytta ovafor grottesystemet. Med desse justeringane, saman med ei auke i minstevassføring vurderer NVE at tiltaket kan aksepterast. NVE meiner vidare at ulempene ved inngrepa i samband med overføring av ein namnlaus bekk er større enn den auka produksjonen overføringa gir. Denne delen av søknaden er difor avslått.

Bryggefjelldal Kraft AS har søkt om løyve til å bygge Bryggfjelldal kraftverk. I vedtak om løyve er det lagt vekt på at det skal gå ei heilårleg minstevassføring i elva av omsyn til artar som  er avhengig av fuktig miljø generelt og til geologiske prosessar i samband med karstforekomstar (ein bergart der det mellom anna kan danne seg grottar). Ut frå NVE sitt syn utgjer terrenginngrepa i samband med røyrgatetraseen dei viktigaste negative konsekvensane. Området er ikkje synleg i eit større landskapsrom, og slik NVE ser det vil inngrepa kun få lokale verknader og dermed ei akseptabel utbygging.

NVE vurderer at dei samla negative verknadane av utbyggingane kan aksepterast, sett i forhold til nytten av forventa kraftproduksjon i Bjuråga og Bryggfjelldal kraftverk. På bakgrunn av dette har NVE gitt løyve til bygging av Bjuråga og Bryggfjelldal kraftverk på nærare fastsette vilkår.

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 90 19 82 16

Konsesjonen for Bjuråga kraftverk ble 09.03.2018 overført til Clemens Kraft AS.