Femtevasselva kraftverk

Registreringsnummer
5294
Saksnummer
200708325
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Utgått/bortfalt
Tiltakshaver
NORD-SALTEN KRAFT AS
Fylke
Nordland
Kommune
Hamarøy
Vassdragsområde
170.D
Søkt produksjon
8,00 GWh

Utsatt byggefrist. Ny frist er 15.12.2020.

 

NVE har gjeve Nord-Norsk Småkraft AS løyve til å byggje Femtevasselva kraftverk i Hamarøy kommune i Nordland. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på om lag 7,2 GWh, noko som svarar til den årlege straumbruken til rundt 360 husstandar.

Utbygginga vil utnytte ei fallhøgd på 70 m og endre naturleg vassføring på ei rundt 850 m lang elvestrekning. Vatnet skal førast i nedgravne røyr mellom inntak og kraftstasjon. Dei verdifulle naturtypane gråor-heggeskog og gamal lauvskog er registrert i området. Elva har moglegvis også ei svak utforming av naturtypa bekkekløft. Vidare er den raudlista arten fossenever (VU) er registrert ved elva.

Utbygginga vil medføre nokre negative verknader for reindrift, miljø-, landskaps- og friluftsverdiar. NVE meiner imidlertid at med tilstrekkeleg minstevassføring heile året, og god planlegging og oppfølging av anlegget i byggetida, vil skadeverknadane for desse interessene vere akseptable.

NVE vurderar fordelane av tiltaket i høve til dei ålmenne interessene er større enn skadane og ulempane, og gjev difor løyve til Femtevasselva kraftverk på fastsette vilkår.