Trolleholselva kraftverk
- Registreringsnummer
- 5292
- Saksnummer
- 200708099
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Utgått/bortfalt
- Tiltakshaver
- SMÅKRAFT AS
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Høyanger
- Vassdragsområde
- 070.2AA
- Søkt produksjon
- 6,10 GWh
NVE gir Småkraft AS løyve til å bygge Trolleholselva kraftverk i Høyanger kommune i Sogn og Fjordane etter alternativ B. Vasskraftverket vil få en årleg produksjon på omlag 6,1 GWh. Dette tilsvarar straumbruken til rundt 305 husstandar.
I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Trolleholselva kraftverk vil vere eit bidrag til ein fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøeffektar.
Trolleholselva kraftverk vil etter dei framlagde planane nytte ei fallhøgd på 135 meter mellom eit inntak på 290 moh og ein kraftstasjon på 155 moh. Vatnet skal førast 925 meter i nedgrave røyr frå inntaket til kraftstasjonen.
Dei viktigaste problemstillingane i saka er slik NVE ser det, omsynet til friluftslivinteresser og til laks og ørret i vassdraget. NVE meiner at omsynet til fisk kan ivaretakast med slepp av tilstrekkeleg minstevassføring. Friluftslivinteresser vert ivareteke ved minstevassføring og at Breidalselva vert skåna for utbygging grunna konflikt med verneforskrifta til Stølsheimen landskapsvernområde.
NVE vurderer at dei samla negative verknadene av utbygginga kan aksepterast, sett i forhold til nytten av den forventa kraftproduksjonen i Trolleholselva kraftverk. På bakgrunn av dette har NVE gitt løyve til bygging av Trolleholselva kraftverk på nærare fastsette vilkår.