Giljajuvet kraftverk

Registreringsnummer
5290
Saksnummer
200708866
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
11.06.2012
Tiltakshaver
NORDKRAFT PROSJEKT AS
Fylke
Rogaland
Kommune
Gjesdal
Vassdragsområde
030.2A32
Søkt produksjon
21,00 GWh

NVE avslår søknaden frå Fjellkraft AS om løyve til å byggje Giljajuvet kraftverk i Dirdalselva i Gjesdal kommune i Rogaland. Dirdalselva er eit viktig laksevassdrag med store fiskeinteresser. NVE har i vedtaket lagt avgjerande vekt på at tiltaket vil påverke anadrom strekning i Dirdalselva.

Fjellkraft AS har søkt NVE om løyve til å nytte eit fall mellom kote 194 og kote 100 i Dirdalselva. Kraftverket var planlagt med ein installert effekt på 5,0 MW, og ein årleg produksjon på om lag 21 GWh, noko som svarar til den årlege straumbruken til rundt 1050 husstandar.

NVEs avslag byggjer på at tiltaket vil påverke anadrom strekning i Dirdalselva, som er eit viktig laksevassdrag med store fiskeinteresser. Det vil etter NVEs vurdering ikkje være mulig å redusere dei negative konsekvensane for anadrom laksefisk tilstrekkeleg med avbøtande tiltak. Søknaden er difor avslått.