Ulsberg minikraftverk
- Registreringsnummer
- 5276
- Saksnummer
- 201004045
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Utgått/bortfalt
- Tiltakshaver
- Hardangeralliansen v/Sandvik
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Ulvik
- Vassdragsområde
- 051.3A4A
- Søkt produksjon
- 3,70 GWh
NVE gjev Hardangeralliansen løyve til å byggje Ulsberg kraftverk i Ulvik herad i Hordaland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på 3,7 GWh. Dette svarar til straumbruken til om lag 200 husstandar.
NVE har lagt vekt på at ei utbygging av Ulsberg kraftverk vil vere eit bidrag til produksjon av fornybar energi.
Utbygginga vil gjere nytte av fallet mellom kote 311 og kote 267 i Espelandselva. Vassvegen skal følgje alternativ 2 i søknaden og vere nedgraven heile vegen. Røyrgatetraseen skal nyttast som midlertidig anleggsveg. I tillegg er det behov for 140 m ny veg som tilkomst til kraftstasjonen.
For å ta vare på verdiar knytt til opplevinga av Ulsbergfossen, og for å oppretthalde noko av den økologiske balansen i elva, er det krav om å sleppe ei minstevassføring på 300 l/s i sommarsesongen og 70 l/s resten av året.
NVE vurderer i sum at nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Ulsberg kraftverk på fastsette vilkår.
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89/ 90 19 82 16
Saksbehandlar Silje Aakre Solheim, tlf. 22 95 95 44/ 48 02 17 60