Botnaelva kraftverk

Registreringsnummer
5271
Saksnummer
200704003
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Utgått/bortfalt
Tiltakshaver
Botnaelva Energi AS v/Sollid
Fylke
Møre og Romsdal
Kommune
Volda
Vassdragsområde
094.412
Søkt produksjon
4,12 GWh

NVE har handsama åtte søknader om bygging av småkraftverk i Volda kommune i Møre og Romsdal. NVE gjev løyve til fem av kraftverka og avslag til to. For eitt kraftverk har NVE tilrådd at Olje- og energidepartementet gjev løyve.

 

NVE har gjeve løyve til kraftverka Osdalen, Dravlaus, Vassbakke, Osvatnet og Øggardselva i Volda kommune. NVE har tilrådd at Olje- og energidepartementet gjev løyve til Botnaelva kraftverk. Samstundes har NVE avslått søknadane om bygging av Storelva kraftverk og Feirdalselva kraftverk i Høydalen.

NVE sendte i mars 2014 tilråding til OED om Osdalen kraftverk pga. konflikt med eit Samla plan-prosjekt. Det viste seg seinare at søknaden likevel ikkje var i konflikt med Samla plan, og NVE ga løyve til Osdalen kraftverk 26.09.2014.

 

Dei seks kraftverka som har fått løyve eller er tilrådd løyve, vil produsere omlag 46 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til 2300 husstandar.

 

Søknadane er behandla samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane, som best kjem fram når sakene blir sett i samanheng. Verdfullt naturmangfald, landskap og samla belasting i området  har vore sentralt i NVE si vurdering. Botnaelva kraftverk var tatt til behandling tidlegare, men er vurdert saman med dei sju  andre søknadene.

 

NVE har lagt vekt på å få fram dei prosjekta som har minst konflikt med allmenne interesser og som samstundes vil bidra til ny fornybar energiproduksjon. NVE har sett på miljøtilpassingar av dei enkelte prosjekta for å redusere konflikten med dei allmenne interessene.