Sylvberg kraftverk
- Registreringsnummer
- 5241
- Saksnummer
- 200805442
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Status
- Avslått søknad
- Vedtaksdato
- 28.01.2011
- Tiltakshaver
- Ekse
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Modalen
- Vassdragsområde
- 164.B4B4A2A
- Søkt produksjon
- 6,90 GWh
NVE har handsama søknadane frå Leif Tore Ekse om bygging av Kvernhuselvi kraftverk og Sylvberg kraftverk i Modalen kommune i Hordaland. Vi gjev løyve til å byggje Kvernhuselvi kraftverk, som vil gje ein årleg fornybar produksjon på omlag 9,9 GWh, noko som tilsvarar straumbruken til omlag 500 husstandar. Sylvberg kraftverk får ikkje løyve grunna konfliktar med omsyn til landskap og friluftsliv.
Sylvberg kraftverk er planlagt med ein installert effekt på 1,83 MW og ein årleg produksjon på omlag 6,9 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 350 husstandar.
Utbygginga skal i sin heilskap skje over tregrensa og alle tekniske inngrep vil verte svært synlege i fjellandskapet. Dette vil og verte til ulempe for det friluftsliv som utøvast i området. Etter NVE sitt syn er det ikkje mogleg å bøte på verknadene med tiltak.
NVE meiner at dei negative konsekvensane er større enn nytta ved auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE vurderar at ei utbygging ikkje er akseptabel i høve til ålmenne interesser og gjev difor ikkje løyve til bygging av Sylvberg kraftverk.