Hjortedalselva kraftverk
- Registreringsnummer
- 5234
- Saksnummer
- 200900084
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Avslått søknad
- Vedtaksdato
- 08.10.2014
- Tiltakshaver
- Henanger Kraft AS v/Henanger
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Bjørnafjorden
- Vassdragsområde
- 053.B
- Søkt produksjon
- 4,00 GWh
NVE gjev ikkje Henanger kraft SUS løyve til bygging av Hjortedalselva kraftverk i Fusa kommune i Hordaland. Avslaget er grunngjeve med omsyn til naturverdiar og store landskapsinngrep.
Hjortedalselva kraftverk var planlagt med inntak i Hjortedalselva som renn gjennom Henangerskardet og ut i Henangervatnet. Kraftverket ville etter planen produsere ca. 5,0 GWh/år.
NVE meiner at fråføring av vatn frå bekkekløft og fossesprøytsone med verdi B vil redusere verdien til naturtypane betrakteleg. I tillegg vil etablering av røyrgata i eit svært vanskeleg terreng gje store sår i landskapet. Dette er ulemper som NVE meiner ikkje kan reduserast tilstrekkeleg gjennom avbøtande tiltak. Saman med ein relativt beskjeden kraftproduksjon vurderer vi difor at ulempene for dette prosjektet er større enn fordelane, og gjev på bakgrunn av dette ikkje løyve til Hjortedalselva kraftverk.
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 15
Saksbehandlar Silje Aakre Solheim, tlf. 22 95 95 44