Tveisme kraftverk

Registreringsnummer
5218
Saksnummer
200707964
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
03.03.2014
Tiltakshaver
HARDANGER ENERGI AS
Fylke
Vestland
Kommune
Ullensvang
Vassdragsområde
050.21
Søkt produksjon
18,00 GWh

NVE gjev ikkje HardangerAlliansen AS løyve til å byggje Tveisme kraftverk i Ullensvang i Hordaland fylke. Avslaget er grunngjeve med negative verknader for landskap, reiseliv og biologisk mangfald.

Det var planlagt å nytte eit fall på 695 eller 310 meter i Tveismeelva, med inntak i Fagradalen eller Tveismedalen og kraftstasjon like ovanfor RV 13. Kraftverket ville ha produsert omlag 18,0 GWh eller 13,3 GWh årleg, avhengig av inntak.

Tveismeelva ligg godt synlig der Hardangerfjorden, Eidfjorden og Sørfjorden møtast. I nedre del av elva ligg ei verdifull bekkekløft. NVE meiner at negative konsekvensar for landskap, reiseliv og biologisk mangfald ikkje står i høve til auka kraftproduksjon eller andre positive verknader av ei utbygging.

NVE vurderer det slik at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til allmenne interesser, og gjev difor ikkje løyve til Tveisme kraftverk.