Tverråga kraftverk

Registreringsnummer
5189
Saksnummer
200900279
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
23.01.2017
Tiltakshaver
SMÅKRAFT AS
Fylke
Nordland
Kommune
Rana
Vassdragsområde
156.CAAA
Søkt produksjon
6,60 GWh

NVE gjev Småkraft AS løyve til å byggje Tverråga kraftverk i Rana kommune i Nordland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på 5,8 GWh. Dette svarar til straumbruken til om lag 300 husstandar.

 

NVE har lagt vekt på at ei utbygging av Tverråga kraftverk vil vere eit bidrag til produksjon av fornybar energi.

 

Utbygginga vil gjere nytte av fallet mellom kote 163 og kote 58 i elva Tverråga. Vassvegen skal vere nedgraven heile vegen. For framføring av røyrgate og bygging av inntak vert det bygd ein midlertidig anleggsveg.

 

For å ta vare på verdiar knytt til naturtypen bekkekløft, og for å oppretthalde noko av den økologiske balansen i elva, er det krav om å sleppe ei minstevassføring på 600 l/s i sommarsesongen og 50 l/s resten av året. Dette er også eit viktig avbøtande tiltak for landskaps- og friluftslivsverdiar. Det skal leggast vekt på å utforme inntaket slik at det ikkje kjem i konflikt med fossesprøytsona som er avgrensa like ovanfor inntakspunktet.

 

NVE vurderer i sum at nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Tverråga kraftverk på fastsette vilkår.

 

Fylkesmannen i Nordland har fremja motsegn til Tverråga kraftverk. Vedtaket er ikkje endeleg før motsegna er avklara i Olje- og energidepartementet.

 

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89/ 90 19 82 16

Saksbehandlar Silje Aakre Solheim, tlf. 22 95 95 44