Vindøla kraftverk
- Registreringsnummer
- 5174
- Saksnummer
- 200707491
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Status
- Avslått søknad
- Vedtaksdato
- 21.09.2009
- Tiltakshaver
- DRIVA KRAFTVERK DA
- Fylke
- Trøndelag
- Kommune
- Oppdal
- Vassdragsområde
- 109.C0
- Søkt produksjon
- 10,30 GWh
NVE seier nei til bygging av Vindøla kraftverk i Oppdal kommune, Sør-Trøndelag. NVE meiner at skadane og ulempene for de allmenne interessene er større enn fordelane ved bygging av kraftverket.
Driva kraftverk DA har søkt om løyve til å byggje Vindøla kraftverk i Storfallet i elva Vindøla i Oppdal kommune, Sør-Trøndelag. Kraftverket var planlagt med ei installert effekt på inntil 3,7 MW og ein berekna årleg produksjon på om lag 10,2 GWh. Dei verdifulle naturtypane fossesprøytsone og bekkekløft er påvist i tiltaksområdet, samt den trua vegetasjonstypen fosseeng. Fossen Storfallet, med påfølgande bekkekløft, er definert som ein av kjernelokalitetane i Driva/Gråurda, som er ei av dei mest verdifulle og best dokumenterte bekkekløftene i Noreg. Storfallet gjer eit mektig inntrykk gjennom storleik, lyd og form, og det vurderast som sannsynleg at raudlista artar finnes i prosjektområdet. Redusert vassføring vil etter NVE sitt syn føre til at verdien av fossen som landskapselement vil bli betydeleg redusert. Bygging av Vindøla kraftverk vil ha negative konsekvensar for to naturtypar av stor verdi, samt den viktige vegetasjonstypen fosseeng. Potensialet for raudlista artar vil bli påverka negativt av tiltaket. NVE legg i si vurdering vekt på at Vindøla kraftverk inneber eit inngrep med betydelege negative konsekvensar for allmenne interesser, sett i forhold til den relativt låge kraftmengda som vil bli produsert. NVE meiner skadane og ulempene i høve til allmenne interessene er større enn fordelane ved bygging av kraftverket. Kravet i vassressurslova er derfor ikkje oppfylt. På denne bakgrunn er søknaden avslått.