Larsbergelva kraftverk

Registreringsnummer
5167
Saksnummer
200707254
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
25.04.2014
Fylke
Troms
Kommune
Storfjord
Vassdragsområde
205.22
Søkt produksjon
8,40 GWh

NVE avslår søknad frå Fjellkraft AS om løyve til bygging av Larsbergelva kraftverk i Storfjord i Troms. NVE legg avgjerande vekt på at utbygginga vil ha negative konsekvensar for reindrift og landskap.

 

Fjellkraft AS hadde planlagt å nytte eit fall i Larsbergelva mellom 380 moh. og 4 moh. Vassvegen skulle gravast ned mellom inntak og kraftstasjonen, og kraftverket ville ha produsert 8,4 GWh årleg. Eit alternativ med vassveg i tunnel var også utreda.

NVE avslår søknaden fordi Larsbergelva kraftverk ville ha fått uheldige konsekvensar for reindrifta si bruk av området, og for landskap. NVE legg i tillegg vekt på føre var-prinsippet i naturmangfaldlova, då nokre av konsekvensane ikkje er tilstrekkeleg gjort greie for. NVE vurderer at utbyggingsplanane ikkje er akseptable i forhold til allmenne interesser og gjev derfor ikkje løyve til bygging av Larsbergelva kraftverk.