Juvsåno kraftverk

Registreringsnummer
5129
Saksnummer
200704359
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Utgått/bortfalt
Tiltakshaver
SUNNHORDLAND KRAFTLAG AS
Fylke
Rogaland
Kommune
Suldal
Vassdragsområde
036.B8
Søkt produksjon
26,80 GWh

NVE gjev Haugaland Kraft AS løyve til å bygge Juvsåno kraftverk i Juvsåno i Suldal kommune i Rogaland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 24 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 1200 husstandar.

Utbygginga vil nytte ei fallhøgd på 591 meter og endre naturleg vassføring på ein omlag 1800 meter lang elvestrekning. Skaravatnet kan regulerast opp frå normal vasstand på kote 675 (LRV) til HRV på kote 675,5. Frå inntaket skal vatnet førast i røyrgate i øvre del medan nedre del til stasjonen skal borast i tunnel. Det vert ikkje gjeve løyve til bygging av 5 km traktorveg til inntaksområdet som omsøkt, då NVE meiner vegen vil medføre store negative konsekvensar for naturmangfald, landskap og friluftsliv.

Det er ikkje påvist raudlista artar eller verdifulle naturtypar knytt til elva. Det er heller ikkje særlege landskaps eller friluftsinteresser knytt til influensområdet. NVE meiner at med minstevassføring vil skadeverknadene for landskap og miljø vere akseptable.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka til å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser og gjev difor løyve til Juvsåno kraftverk på fastsette vilkår.

25.08.2016 ble konsesjonen for Juvsåno kraftverk overført fra Haugaland Kraft AS til SKL Produksjon AS i f.m. restrukturering av SKL-konsernet. Konsesjonen falt bort 20.03.2020.