Skjerungsåa kraftverk

Registreringsnummer
5100
Saksnummer
200705825
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
06.06.2012
Tiltakshaver
Storrustløkken
Fylke
Innlandet
Kommune
Sel
Vassdragsområde
002.DJ12
Søkt produksjon
6,50 GWh

NVE seier nei til bygging av Skjerungsåa kraftverk i Sel kommune i Oppland. AS Eidefoss får ikkje løyve av omsyn til biologiske verdiar i vassdraget og terrenginngrep i landskapet.

Skjerungsåa kraftverk var planlagt med ein installert effekt på 1,7 MW og ein årleg produksjon på om lag 6,5 GWh, noko som tilsvarar straumbruken til om lag 325 husstandar.

Grunngjevinga for avslaget er at redusert vassføring og legging av rørgate i eit særleg krevjande terreng vil medføre negative konsekvensar for biologiske verdiar i og langs Skjerungsåa og gje betydelige terrenginngrep i landskapet.

Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE meiner at dei negative konsekvensane av ei utbygging ikkje kan avbøtast med avbøtande tiltak. NVE vurderar at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til ålmenne interesser og gjev difor ikkje løyve til Skjerungsåa kraftverk.