Fjellbekken kraftverk
- Registreringsnummer
- 5095
- Saksnummer
- 200707458
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Status
- Avslått søknad
- Vedtaksdato
- 08.03.2011
- Tiltakshaver
- Kårøyan Kraft AS v/Husby
- Fylke
- Trøndelag
- Kommune
- Heim
- Vassdragsområde
- 113.CZ
- Søkt produksjon
- 7,20 GWh
NVE seier nei til bygging av Fjellbekken kraftverk i Hemne kommune i Sør-Trøndelag. NVE meiner at skadane og ulempene for dei ålmenne interessene er større enn fordelane ved ei bygging av kraftverket.
Kårøyan Kraft AS har søkt NVE om løyve til å bygge Fjellbekken kraftverk i Fjellbekken i Hemne kommune i Sør-Trøndelag. Dei planla ein årleg produksjon på ca. 7 GWh, noko som svarar til straumbruken til omlag 350 husstandar.
Ei bygging av kraftverket vil medføre svært store og omfattande inngrep i eit landskap som i dag fremstår som tilnærma urøyrt og det vil påverke ei bekkekløft med svært viktig verdi (A). Tiltaket vil medføre sterkt redusert vassføring i Fjelna og NVE meiner dette på sikt kan føre til store endringar i bekkekløftens økosystem.
I den samla vurderinga legg NVE vekt på at Fjellbekken kraftverk inneber eit inngrep med betydelige negative konsekvensar for allmenne interesser, sett i forhold til den relativt vesle kraftmengda som vil bli produsert. NVE har også vurdert den samla belastinga på vassdragsnaturen i Kårøydalen til å verte sterkt påverka dersom alle prosjekta i dalen vert realisert.
Vi kan ikkje sjå at avbøtande tiltak vil redusere skadeverknadene for ålmenne interesser til eit nivå som etter vårt syn vil vere akseptabelt. Vurderinga byggjer på dei negative konsekvensar endra vassføring kan medføre for naturmangfald og landskapsbilete.