Vannuttak Sommarsetelva og regulering Rotvikvatn, Salangen, Troms

Registreringsnummer
5077
Saksnummer
200704526
Overordnet sakstype
Andre inngrep
Sakstype
Vannuttak
Formål
Akvakultur
Status
Utgått/bortfalt
Fylke
Troms
Kommune
Salangen
Vassdragsområde
191.21Z

NVE gjev Salaks AS løyve til overføring av vatn frå Sommarsetelva og regulering av Rotvikvatnet for settefiskproduksjon og lakseslakteri i Salangen kommune i Troms.

Salaks AS får løyve til vassuttak frå Sommarsetelva og regulering av Rotvikvatnet med 1 meter. Det samla uttaket skal ikkje vere større enn 5,4 m3/min. NVE legg vekt på at tiltaket vil betre tilhøva for dagens produksjon av smolt og vasskvaliteten til lakseslakteriet. Dette vil også sikre vidare drift og arbeidsplassar knytt til verksemda.

Av omsyn til biologisk mangfald, fisk og andre allmenne interesser skal det sleppast ei minstevassføring i utløpselva frå Rotvikvatnet på 10 l/s i periodar med vasstand over normalvasstand. Det skal sleppast ei minstevassføring på 60 l/s heile året forbi dammen i Sommarsetelva.

NVE meiner at verneverdiane i Sommarsetelva ikkje vert påverka i vesentleg grad då det er sett vilkår om slepp av minstevassføring, nedgraving av røyr og tilbakeføring av anleggsveg.

Med dei fastsette vilkåra meiner NVE at fordelane ved tiltaket samla sett er større enn dei negative konsekvensane for allmenne og private interesser.