Neta kraftverk
- Registreringsnummer
- 5072
- Saksnummer
- 200905833
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Utgått/bortfalt
- Tiltakshaver
- Neta Kraftverk AS v/Bibow
- Fylke
- Innlandet
- Kommune
- Stor-Elvdal
- Vassdragsområde
- 002.K3Z
- Søkt produksjon
- 6,10 GWh
Utsatt byggefrist. Ny frist er 11.10.2023
NVE gir Neta Kraftverk DA løyve til å bygge Neta kraftverk med inntak ca. på kote 550. Prosjektet ligg om lag to mil sør for Koppang i Hedmark. Vasskraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 6 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 300 husstandar.
Neta kraftverk vil etter dei framlagde planane nytte ei fallhøgd på 250 meter i elva neta. Kraftstasjonen er planlagt på om lag kote 300. Vatnet skal førast i nedgrave røyr heile vegen frå inntaket og ned til kraftstasjonen.
Den viktigaste problemstillinga i saka er, slik NVE ser det, omsynet til den raudlista og fuktkrevjande arten trådragg og naturtypen bekkekløft. Det er òg grunnen til at Fylkesmannen i Hedmark går imot utbygginga. Alle dei andre høyringspartane meiner at ei utbygging av Neta kan gjennomførast. NVE meiner at omsynet til raudlistearten og naturtypen kan ivaretakast med slepp av tilstrekkeleg minstevassføring.
NVE vurderer at dei samla negative verknadene av utbygginga kan aksepterast, sett i forhold til nytten av den forventa kraftproduksjonen i Neta Kraftverk. På bakgrunn av dette har NVE gitt løyve til bygging av Neta Kraftverk på nærare fastsette vilkår.