Vassdalselva kraftverk
- Registreringsnummer
- 5047
- Saksnummer
- 200703542
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Utgått/bortfalt
- Tiltakshaver
- Fjellkraft Produksjon AS
- Fylke
- Troms
- Kommune
- Storfjord
- Vassdragsområde
- 204.B0
- Søkt produksjon
- 7,60 GWh
NVE har gjeve Fjellkraft Produksjon AS løyve til å bygge Vassdalselva kraftverk i Storfjord kommune i Troms. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på omlag 7,4 GWh, noko som svarar til den årlege straumbruken til 370 husstandar.
Etter dei omarbeida planane vil kraftverket nytte ei fallhøgde på ca. 253 meter og endre naturleg vassføring på ei 2050 m lang elvestrekning. Vatnet skal førast i tunnel og nedgrave røyr mellom inntak og kraftstasjon. Kraftverksutbygginga ligg nær dei villmarksprega områda i Vassdalen der det er reindrift. Område nyttast til friluftsliv av lokale folk. På utbyggingsstrekninga er det bekkekløfter med raudlista karplanter av låg kategori. NVE meiner at krav til utforminga av anlegget og slipp av sesongtilpassa minstevassføring heile året av omsyn til dei ålmenne interessene er avbøtande tiltak som gjer utbygginga tilrådeleg. Lokale reindriftsutøvere skal involverast i detaljplanlegginga for å redusere ulemper i anleggstida. NVE meiner fordelane i høve til dei allmenne og private interessene er større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverket og gir difor løyve til Vassdalselva kraftverk på fastsette vilkår.