Yståni kraftverk
- Registreringsnummer
- 5042
- Saksnummer
- 200709636
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Henlagt/trukket sak
- Tiltakshaver
- SMÅKRAFT AS
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Ullensvang
- Vassdragsområde
- 047.40
- Søkt produksjon
- 3,50 GWh
NVE gjev Småkraft AS løyve til å bygge Yståni kraftverk i Yståni i Ullensvang herad i Hordaland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 3,5 GWh, noko som svarar til straumbruken til om lag 175 husstandar.
Yståni kraftverk vil nytte eit fall på om lag 140 meter i Yståni. Kraftverket vert bygd med vannveg i nedgravd røyr.
Yståni renn ut i Indre Samlafjorden ved tettstaden Ålsåker som ligg mellom Jondal og Utne. Den nedre delen av Yståni er prega av menneskeleg påverknad og fruktdyrking, og riksvegen krysser elva nede ved fjorden.
Den største ulempa ved tiltaket slik det var planlagt var etter NVEs syn dei relativt store terrenginngrepa ved at det var planlagt overføring av to sidebekkar til inntaket. Med å flytte inntaket til nedanfor samlaupet mellom elvane vil inngrepa verte monaleg mindre, medan produksjonen ikkje vert redusert i avgjerande grad.
Ei utbygging med slepp av tilstrekkeleg minstevassføring heile året vil òg bidra til å oppretthalde produksjonen av insektar og botndyr i vassdraget, og til ein viss grad ivareta elva som leveområde for vasstilknytta fugl.
Med dei fastsette vilkåra meiner NVE at fordelane gjennom ei auke i fornybar energiproduksjon på 3,5 GWh er større enn skader og ulemper for dei allmenne interessene som vert råka. NVE gjev difor løyve til Yståni kraftverk på fastsette vilkår