Bringedal småkraftverk
- Registreringsnummer
- 5033
- Saksnummer
- 200703785
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Status
- Avslått søknad
- Vedtaksdato
- 27.01.2009
- Tiltakshaver
- FORTE AS
- Fylke
- Rogaland
- Kommune
- Lund
- Vassdragsområde
- 026.B9
- Søkt produksjon
- 6,70 GWh
NVE seier nei til bygging av Bringedal småkraftverk i Lund kommune, Rogaland. NVE meiner at fordelane ved bygging av kraftverket ikkje veg opp for skadar og ulemper for utøving av friluftsliv i området.
Bringedalsbruket AS har søkt NVE om løyve til å byggje Bringedal småkraftverk i Lund kommune. Kraftverket ville om det blei bygd nytte eit fall på om lag 315 meter og gje ein årleg produksjon på 6,7 GWh, noko som svarar til straumbruken til omlag 335 husstandar.
NVE legg i si vurdering vekt på at området av kommunen er regulert som spesialområde for friluftsliv. Ei utbygging vil medføre tekniske inngrep innanfor friluftslivområdet som vil svekke natur- og landskapsopplevinga. Ei elvestrekning i Bringedalsbekken på om lag 1,8 km ville fått redusert vassføring, spesielt i vinterhalvåret fordi det ikkje vert planlagt slepp av minstevassføring i perioden 15. september til 31. mai. Dette ville hatt negative verknader for fossekall og planter avhengig av heilårs minstevassføring. Ei regulering på 1,5 meter av Heimra Krogavatn vil kunne påverke Einarvatn naturreservat fordi reservatgrensa går langs vasskanten.
NVE meiner derfor at fordelane ved bygging av Bringedal småkraftverk er mindre enn ulempene for ålmenne interesser, og kravet i vassressurslova § 25 er då ikkje oppfylt. På denne bakgrunnen er søknaden avslått.