Smolten AS settefiskanlegg
- Registreringsnummer
- 5013
- Saksnummer
- 200703303
- Overordnet sakstype
- Andre inngrep
- Sakstype
- Vannuttak
- Underordnet sakstype
- Overflatevann
- Formål
- Akvakultur
- Status
- Utgått/bortfalt
- Tiltakshaver
- Smolten AS
- Fylke
- Nordland
- Kommune
- Hamarøy
- Vassdragsområde
- 170.3Z
NVE gir Smolten AS løyve til noko auka regulering av Storvatnet og vassuttak frå Storvasselva i Hammarøy kommune.
Smolten AS får løyve til å regulere Storvatnet med 1,5 meter samt vassuttak frå Storvasselva til settefiskanlegget til Smolten AS. Uttaket skal ikkje vere større enn 25 m3/min. NVE legg vekt på at tiltaket vil betre høve for dagens produksjon av smolt og leggje til rette for ein fremtidig auke i produksjonen ved anlegget. Dette vil også sikre vidare drift og arbeidsplassar knytta til drifta. Utbygginga vil samstundes medføre negative verknader for landskap og friluftsliv og tap av inngrepsfrie naturområde. NVE meiner likevel det vil vere mulig å avbøte ein del av dei negative verknadene.
Av omsyn til landskap, friluftsliv og biologisk mangfald ved Storvatnet blir reguleringa noko mindre enn omsøkt. Det skal av omsyn til biologisk mangfold og friluftsinteressar sleppast ei minstevassføring i utløpselva frå Storvatnet på 100 l/s heile året.
Med dei fastsette vilkåra meiner NVE at fordelane ved tiltaket samla sett er større enn dei negative konsekvensane for allmenne og private interessar.