Sivertelva kraftverk

Registreringsnummer
4963
Saksnummer
200900690
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Utgått/bortfalt
Tiltakshaver
LOCUS HYDRO PROSJEKT AS
Fylke
Finnmark
Kommune
Alta
Vassdragsområde
212.410
Søkt produksjon
7,30 GWh

Utsatt byggefrist. Ny frist er 05.09.2024 

 

Løyve til Sivertelva i Alta

 

NVE gjev Blåfall AS løyve til å bygge Sivertelva kraftverk i Alta kommune i Finnmark. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 7 GWh, noko som svarar til straumbruken til omlag 350 husstandar.

I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Sivertelva vil vere eit bidrag til fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøeffektar.

Utbygginga vil gjere nytte av fallet mellom 300 moh og 16 moh. Vassvegen skal vere nedgraven heile vegen. Dei viktigaste problemstillingane i saka er slik NVE ser det, omsynet til reindrift og bortfall av urørt natur. NVE meiner ulempene kan reduserast i tilstrekkelig grad gjennom avbøtande tiltak. I vedtak om løyve er det lagt vekt på at det skal gå ei heilårleg minstevassføring i Sivertelva.

NVE meiner at nytt hovudalternativ for utbygging vil gi små verknader for reindrifta si bruk av området. Inntaket er trekt ned, vassvegen er nedgrave og kraftstasjon er flytta slik at permanent veg blir mindre og inngrepet i området mindre. Anleggsperioden skal også tilpassas reinens bruk av området.

Området er ikkje synleg i eit større landskapsrom, og slik NVE ser det vil inngrepa berre få lokale verknader, og den er dermed ei akseptabel utbygging.

NVE vurderer nytten av tiltaket som større enn ulempene for allmenne og private interesse og gjev difor løyve til bygging av Sivertelva kraftverk på nærare fastsette vilkår.

 

http://www.nve.no/no/Konsesjoner/Konsesjonssaker/Vannkraft/?soknad=4963&type=11

 

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89

.Seniorrådgiver Dag Kjellevold, tlf. 22 95 94 56