Helgåga kraftverk

Registreringsnummer
4955
Saksnummer
200702621
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
19.08.2009
Tiltakshaver
Helgeland Småkraft AS
Fylke
Nordland
Kommune
Rana
Vassdragsområde
157.4A0
Søkt produksjon
5,70 GWh

Helgåga kraftverk

Ikkje løyve til Helgåga kraftverk

NVE seier nei til bygging av Helgåga kraftverk i Rana kommune, Nordland. Avslaget gjeld utnytting av fall i nedre del av det verna vassdraget Helgåga.

Helgeland Småkraft AS har søkt om løyve til å byggje Helgåga kraftverk i Rana kommune.
Kraftverket hadde ein planlagt installert effekt på under 1 MW og ein årleg produksjon på om lag 5,7 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 270 husstandar.

NVE legg i si vurdering vekt på at Helgåga sine verneverdiar er knytt opp til vassdraget sin verdi som type- og referansevassdrag. Inngrep i form av kraftutbygging i hovedstrengen vil påverke mellom anna desse verdiane.

I verna vassdrag kan nye anlegg bare gis løyve til dersom omsynet til verneverdiane i vassdraget ikkje talar imot. Det omsøkte tiltaket røyrer etter NVE sitt syn verneverdiane på fleire punkt. Det høge uttaket av vatn og bygging av kraftverk i hovudstrengen er ikkje i samsvar med ivaretaking av verneverdiane. Løyve kan difor ikkje bli gitt, jf. Vassressurslova § 35 1. ledd, post 5 og 8. På denne bakgrunn er søknaden avslått.