Frafjord kraftverk

Registreringsnummer
4954
Saksnummer
200702622
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
15.05.2009
Tiltakshaver
Sirdalskraft AS
Fylke
Rogaland
Kommune
Gjesdal
Vassdragsområde
030.A1
Søkt produksjon
5,00 GWh

Ikkje løyve til Frafjord kraftverk

NVE seier nei til Frafjordkraft AS om å byggje Frafjord kraftverk i Gjesdal kommune, Rogaland. Avslaget gjeld regulering av Giljastølsvatnet og utnytting av Kvednabekken som er ein del av det verna Frafjordvassdraget.

Frafjordkraft AS har søkt om løyve til å byggje Frafjord kraftverk i Gjesdal kommune. Kraftverket hadde ein planlagd installert effekt på under 1 MW og ein årleg produksjon på om lag 5 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 250 husstandar.

NVE legg i si vurdering vekt på at Kvednabekken er ein del av det verna Frafjordvassdraget som er verna mellom anna på grunn av friluftsliv og særs store botaniske verdiar. Det omsøkte prosjektet ville røre skuggefulle lier med betydelege førekomstar av oseaniske mosar og lav som er trekt fram som ein viktig del av vernegrunnlaget, medan Giljestølsvatnet er særa viktig for friluftslivet.

I verna vassdrag kan nye anlegg bare gis løyve dersom omsynet til verneverdiane i vassdraget ikkje talar imot. Det omsøkte tiltaket røyrer etter NVE sitt syn verneverdiane på fleire punkt. Det høge uttaket av vatn og regulering av Giljastølsvatnet er ikkje i samsvar med ivaretaking av verneverdiane.