Overføring av Litjbekken til Nedre Myrholtvatn
- Registreringsnummer
- 4921
- Saksnummer
- 200905868
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Status
- Avslått søknad
- Vedtaksdato
- 12.10.2010
- Tiltakshaver
- Myrholten Kraft
- Fylke
- Møre og Romsdal
- Kommune
- Surnadal
- Vassdragsområde
- 112.3Z
- Søkt produksjon
- 0,87 GWh
NVE seier nei til overføring av Litjbekken til Nedre Myrholtvatn i Surnadal kommune, Møre og Romsdal. NVE meiner skadane og ulempene for de allmenne interessene er større enn fordelane ved overføringa.
Myrholten Kraft AS har søkt om løyve til å overføre Litjbekken til Nedre Myrholtvatn i Surnadal kommune i Møre og Romsdal. Myrholten Kraft AS fikk den 28.1.2009 konsesjon til bygging av Myrholten kraftverk, som vil gi ein årleg produksjon på 3,6 GWh. Kraftverket har enno ikkje vorte realisert. Overføringsrøyret ville hatt ei maksimal slukeevne på 115 l/s, noko som ville auka produksjonen i kraftverket med 0,87 GWh.
Overføring av Litjbekken vil føre til at restfeltet nedanfor inntaket dominerer vassføringa i bekken, ettersom det ikkje er planlagt slipp av minstevassføring. Eit INON-område prioritert av fylkeskommunen vil reduseras med 1 km2, og det vil bli store terrenginngrep.
Den planlagde overføringa vil gi redusert vassføring i Bævra på ein 2,5 km lang strekning. Undersøkingar viser at nettopp denne strekninga i Bævra er viktig for reproduksjon av sjøaure. Samstundes viser foreløpig ny kategorisering at Bævra både har betydelig redusert ungfiskproduksjon og for liten gytebestand som følgje av mellom anna vassdragsregulering. Sjølv om Litjbekken gir eit lite bidrag til hovudelva så har bekken i seg sjølv muligheit til å fungere som eit lokalt gyte- og oppvekstareal. Samstundes vil eit kvart bortfall av vatn i Bævra føre til ytterlegare press på fiskebestanden, slik NVE vurderar det.
NVE meiner skadane og ulempene i høve til allmenne interesser er større enn fordelane ved overføring av Litjbekken. Kravet i vassressurslova er derfor ikkje oppfylt. På denne bakgrunn er søknaden avslått.
Kontaktpersonar:
seksjonssjef Øystein Grundt, tlf 22 95 93 89
avdelingsingeniør Ingri Guren, tlf. 22 95 91 59