Regulering Sagtjønna

Registreringsnummer
4884
Saksnummer
200703262
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
25.03.2009
Tiltakshaver
Sagtjønna Energiverk AS
Fylke
Trøndelag
Kommune
Åfjord
Vassdragsområde
135.D1
Søkt produksjon
0,45 GWh

NVE seier nei til bygging av Sagtjønna mikrokraftverk i Åfjord kommune, Sør-Trøndelag. NVE meiner at fordelane ved bygging av kraftverket ikkje veg opp for skadar og ulemper som påførast ålmenne interesser.

Sagtjønna Energiverk AS har søkt NVE om løyve til å byggje Sagtjønna kraftverk i Åfjord kommune. Kraftverket ville om det blei bygd nytte eit fall på 257 meter og gje ein årleg produksjon på omlag 0,45 GWh, noko som svarar til straumbruken til omlag 23 husstandar.

Det søkes også om å regulere Sagtjønna med 3 meter, noe som vil være naudsynt for å gje produksjonsgrunnlag i kraftverket. Den planlagde reguleringa vil etter NVEs syn bety negative verknader for området som landskapselement og medføre ulemper for friluftslivet. Vidare vil den lokale stammen av bekkeaure stå i fare for skade. NVE vektlegger også at regulering av Sagtjønna på vinterstid vil gje negative følgjer for reindriftsnæringa grunna utrygge isforhold og mogleg tap av trekklei.

I den samla vurderinga legger NVE vekt på at reguleringa av Sagtjønna inneberer eit uforholdsmessig stort inngrep sett i forhold til den relativt avgrensa kraftmengda som vil bli produsert. NVE meiner derfor at fordelane ved bygging av Sagtjønna mikrokraftverk er mindre enn ulempene for ålmenne interesser, og kravet i vassressurslova § 25 er då ikkje oppfylt. På denne bakgrunnen er søknaden avslått.