Eitreelvi kraftverk

Registreringsnummer
4876
Saksnummer
200707820
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
18.12.2014
Tiltakshaver
SMÅKRAFT VEKST 2027 AS
Fylke
Vestland
Kommune
Vik
Vassdragsområde
070.522
Søkt produksjon
11,00 GWh

Utsatt byggefrist. Ny frist er 18.12.2024


NVE har gjeve Småkraft AS løyve til å byggje Eitreelvi kraftverk i Vik kommune, Sogn og Fjordane. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på omlag 11 GWh, noko som svarer til straumbruken til rundt 550 husstandar.


Kraftverket vil nytte eit fall på omlag 540 meter i Eitreelvi frå inntak på kote 560 og ned til kraftverket på kote 20. Driftsvassvegen vil bli rundt 900 meter lang og vatnet skal førast gjennom skråsjakt og tunnel. Kraftstasjonen vert plassert inne i fjell. Det skal ikkje byggast nye vegar og all materialtransport vil skje med helikopter. Omlag 600 meter av elvestrekninga vil få redusert vassføring.

Dei øvre delane av elvestrekninga som er planlagt utbygd er synleg frå Sognefjorden og dei nedre delane er synleg frå Arnafjorden. Det er difor lagt vekt på at dei tekniske inngrepa skal verte minst mogleg skjemmande. Av omsyn til landskap og biologisk mangfald har NVE fastsett ei minstevassføring frå inntaket på 100 l/s i perioden 1. mai til 30. september, og 25 l/s resten av året.

NVE vurderer utbygginga med fastsett minstevassføring, krav om driftsvassveg i tunnel og kraftstasjon i fjell, til å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.