Skinnellåna kraftverk

Registreringsnummer
4868
Saksnummer
201106617
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
29.01.2015
Tiltakshaver
SMÅKRAFT AS
Fylke
Rogaland
Kommune
Eigersund
Vassdragsområde
027.3E
Søkt produksjon
17,00 GWh

 NVE gjev Småkraft AS løyve til å byggje Skinnellåna kraftverk i Eigersund kommune i Rogaland. Kraftverket vil produsere omlag 17 GWh årleg.

 

I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Skinnellåna kraftverk vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon med avgrensa effektar for miljø og brukarinteresser.

 

Kraftverket er planlagt i Skinnellåna, med hovudinntak omlag ved kote 450 og kraftstasjon ved kote 173. Vassvegen frå inntaket til kraftstasjonen skal delvis gå i tunell og nedgraven røyrgate. NVE har vurdert tiltaket til å medføre akseptable og relativt små ulemper for naturmiljøet. NVE har fastsett ei minstevassføring på 50 liter i sekundet heile året. NVE meiner at minstevassføringa i stor grad vil ta vare på naturmiljøet.

 

NVE har lagt betydelig vekt på det vanskelige terrenget med løsmasser og sidebratthet i den gamle ferdavegen. NVE vil ikkje gi løyve etter vassressursloven til at vegen byggas kraftigare enn kva kommunen har gitt løyve til. Med vassveg i tunell som skissert i revidert alternativ og utan løyve til bygging av veg til inntak meiner derimot NVE at tiltaket har akseptable konsekvensar for landskapet.

NVE vurderer at i sum er nytten av tiltaket større enn skader og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Skinnellåna kraftverk på fastsette vilkår.