Jutlaelvi kraftverk
- Registreringsnummer
- 4867
- Saksnummer
- 200801116
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Avslått søknad
- Vedtaksdato
- 02.12.2014
- Tiltakshaver
- SMÅKRAFT AS
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Lærdal
- Vassdragsområde
- 073.B2
- Søkt produksjon
- 18,70 GWh
NVE avslår søknaden frå Småkraft AS om løyve til å byggje Jutlaelvi kraftverk i Jutlaelvi i Lærdal kommune. Kraftverket var planlagd med ein installert effekt på 6,2 MW og ein årleg produksjon på omlag 16 GWh. NVE meiner dei positive konsekvensane for allmenne interesser ikkje veg opp for dei samla ulempene for landskap, natur- og kulturmljø.
NVE meiner at bygging av Jutaelvi kraftverk vil føre med seg at fossen i Jutlaelvi får svært redusert verdi som eit viktig landskapselement. To naturtypar av høvesvis B og A verdi vil bli negativt påverka gjennom redusert vassføring og tekniske inngrep. Landskapet ved elva har stor kulturhistorisk verdi og er sårbart for dei tekniske inngrepa ei slik utbygging vil gi. NVE vurderer at Jutlaelvi kraftverk, sjølv med avbøtande tiltak, vil gje store negative konsekvensar for landskap, naturmiljø og kulturlandskap/kulturmiljø.
Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE meiner at dei negative konsekvensane av ei utbygging ikkje kan vegast opp med avbøtande tiltak.
NVE vurderer det slik at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til allmenne interesser og gjev difor ikkje løyve til Jutlaelvi kraftverk.