Skorvo kraftverk
- Registreringsnummer
- 4840
- Saksnummer
- 200704147
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Status
- Avslått søknad
- Vedtaksdato
- 16.06.2011
- Tiltakshaver
- Skorvo Kraftlag v/Spildo
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Voss
- Vassdragsområde
- 052.1C0
- Søkt produksjon
- 6,40 GWh
NVE seier nei til bygging av Skorvo kraftverk i Granvinvassdraget i Granvin Herad i Hordaland. NVE meinar fordelane ved bygging av kraftverket ikkje veg opp for skadar og ulempar for allmenne interesser.
Skorvo Kraft AS har søkt om løyve til å bygge Skorvo kraftverk i elva Skorvo som er ei sideelv i Granvinvassdraget. Kraftverket er planlagt med ein installert effekt på 999 kW, noko som vil gje ein årleg produksjon på om lag 6 GWh. Produksjonen svarar til ein årleg straumbruk til rundt 300 husstandar. Granvinvassdraget er verna mot kraftutbygging og er i nedre del av vassdraget kategorisert som eit viktig typevassdrag med verneverdiar innafor mellom anna botanikk, landfauna og vassfauna. Kraftverket vil gi ei redusert vassføring i Skorvofossen som er eit viktig landskapselement i vassdraget. Ei redusert vassføring i elva vil og påverke ei fosserøyksone og ei bekkekløft som er vurdert som nasjonal/regional viktig. NVE meinar at dei negative verknadene for Granvinvassdraget med Skorvofossen er større enn nytta ved auka kraftproduksjon og andre positive effektar av ei utbygging. Vi vurderer at ei utbygging som påverkar Skorvo og Skorvofossen ikkje er akseptabel i høve til verneverdiane spesielt og heller ikkje dei allmenne interessene som vert råka gjennom utbygging av Skorvofossen. Etter NVE sitt syn er det heller ikkje mogleg å bøte på verknadene med tiltak. NVE gjev difor ikkje løyve til bygging av Skorvo kraftverk.