Haukå kraftverk

Registreringsnummer
4835
Saksnummer
200706498
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Mini-/mikrokraftverk
Status
Utgått/bortfalt
Tiltakshaver
Haukaa Kraft AS
Fylke
Vestland
Kommune
Kinn
Vassdragsområde
085.52Z
Søkt produksjon
0,95 GWh

NVE gjev løyve til eit mindre prosjekt i Stølsbekken, men seier nei til store delar av planane for bygging av Haukå kraftverk, Flora kommune i Sogn og Fjordane. Delar av prosjektet som får avslag gjeld utnytting av Tjørneselva og regulering av Tjørnesvatnet som ville redusert vassføringa i fossen Brudesløret.

Med dei opprinnelege planane ville kraftverket gitt ein årleg produksjon på 12 GWh. Kraftverket vil no få ein årleg produksjon på om lag 1 GWh, noko som tilsvarar straumbruken til rundt 50 husstandar.

Ein utnytting av Tjørneselva vil få store og varige negative konsekvensar for landskapet fordi fossen Brudesløret, som er eit viktig landskapselement i kommunen, vil få sterkt redusert vassføring. Fråsegnspartane er samde om at ein eventuell utbygging må ivareta fossens landskapsverdi, noe NVE meiner er umogleg med det omsøkte prosjektet.

Kravet i vassressurslova § 25 er då ikkje oppfylt. På denne bakgrunn er søknaden avslått.

Løyve i Stølsbekken
Haukå kraftverk vil utnytte ei fallhøgd i Stølsbekken på 104 m frå kote 162 til kote 58 og endre naturleg vassføring på om lag 300 m elvestrekning. Vatnet vert ført i nedgrave røyr frå inntak til kraftstasjon.

Vilkår av at det vert sleppt ei minstevassføring på 10 l/s heile året. Prosjektet fører til få permanente inngrep utover fråføringa av vatn i Stølsbekken. NVE vurderer utbygginga med de fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.