Støylselva kraftverk
- Registreringsnummer
- 4762
- Saksnummer
- 200800818
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Utgått/bortfalt
- Tiltakshaver
- SMÅKRAFT AS
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Kinn
- Vassdragsområde
- 085.C1A
- Søkt produksjon
- 3,35 GWh
NVE gjev Småkraft AS løyve til å byggje Støylselva kraftverk, samt å regulere Langevatnet med 1 m, i Flora kommune i Sogn og Fjordane. Det er ikkje gjeve samtykke til oreigning av rettar knytt til tiltaket.
Støylselva kraftverk vil med dei fastsette vilkåra få ein årleg produksjon på om lag 3,35 GWh og med det forsyne om lag 150 husstandar med straum. Kraftverket er planlagt med installert effekt på 1,2 MW. Utbygginga vil nytte eit fall i Støylselva på 191 m. Langevatnet vil i bli regulert mellom kote 540,5 og kote 541,5 i vintersesongen, medan det var søkt om regulering heile året.
Frå inntaket i Langevatnet skal vatnet førast i nedgrave røyr til kraftstasjon på om lag kote 350. Det vert behov for ny veg til inntaket og som tilkomst til kraftstasjonen. Vegen skal vere permanent skogsveg, men tilbakeførast til køyresterkt terreng over ca. kote 525.
Området er ein del brukt til friluftslivsaktivitetar både sommar og vinter. Ved å unngå regulering av Langevatnet i sommarsesongen kan ein avbøte noko av landskapspåverknaden i området. Om vinteren vert Langevatnet kryssa av skiløparar. NVE vurderer at ei regulering på 1 m ikkje går mykje utover dei naturlege variasjonane i vasstand, og berre vil ha liten innverknad på istilhøva på vatnet
Langs Støylselva er det nedanfor Humlestøl registrert vegetasjonstypen elvemosevegetasjon. Denne er truga på Vestlandet. Elvemosevegestasjonen inneheld mellom anna den raudlista vasshalemosen som har status som sårbar. Dette er vegetasjon som er avhengig av mykje fukt. Det er i konsesjonen sett vilkår om at kraftstasjonen skal flyttast ovanfor elvemosevegetasjonen, og det er ikkje gjeve løyve til å regulere Langevatnet i sommarsesongen. På denne måten sikrar ein uendra fukttilhøve for denne vegetasjonstypen.
For å oppretthalde vasstilknytt liv i og langs elva, og til ei viss grad elva som landskapselement, er det fastsett ei minstevassføring på 50 l/s om sommaren og 10 l/s resten av året.
I sum vurderer NVE at nytten av tiltaket med dei fastsette vilkåra er større enn skader og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Støylselva kraftverk på fastsette vilkår.
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89/90 19 82 16
Saksbehandlar Silje Aakre Solheim, tlf. 22 95 95 22