Hoffmannselva Kraftverk
- Registreringsnummer
- 4758
- Saksnummer
- 201202715
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Avslått søknad
- Vedtaksdato
- 27.02.2014
- Tiltakshaver
- NORD-SALTEN KRAFT AS
- Fylke
- Nordland
- Kommune
- Hamarøy
- Vassdragsområde
- 170.C2
- Søkt produksjon
- 16,80 GWh
NVE seier nei til søknad frå Nord-Norsk Småkraft AS om løyve til å byggje Hoffmannselva kraftverk i Hamarøy kommune i Nordland. Avslaget er grunngjeve av hensynet til reindrift og stenging av trekklei.
Hoffmannselva kraftverk ville nytte eit fall på 25 meter i Hoffmannselva og regulere Fjerdevatnet 1 m. Det var søkt om ein installert effekt på 3,2 MW og kraftverket ville ha ein årleg produksjon på 16,8 GWh. Prosjektet var lokalisert på ei relativt kort elvestrekning mellom Fjerdevatnet og Sandnesvatnet, og det var vanskeleg å finne tilpassingar for å unngå at ei trekklei vart påverka i svært stor grad. Av omsyn til reindrifta og stenging av trekklei har NVE med dette ikkje gjeve løyve til Hoffmannselva kraftverk. Tiltaket ville også ha gjeve negative konsekvensar for regionalt viktige krigsminner og for gyte- og oppvekstområde for anadrom fisk og aure.