Trollelva kraftverk

Registreringsnummer
4746
Saksnummer
200800870
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Utgått/bortfalt
Tiltakshaver
SMÅKRAFT AS
Fylke
Nordland
Kommune
Steigen
Vassdragsområde
168.10
Søkt produksjon
5,70 GWh

Utsatt byggefrist. Ny frist er 06.12.2020.

 

NVE har gjeve Småkraft AS løyve til å byggje Trollelva kraftverk i Steigen kommune i Nordland. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på om lag 5,7 GWh, noko som svarar til den årlege straumbruken til rundt 285 husstandar.

Trollvatn vert regulert med 0,5 m heving og 0,5 m senking frå naturleg vasstand. Kraftverket vil nytte eit fall på om lag 303 m i Trollelva. Vassvegen skal førast i tunnel gjennom ei bergknaus aust for utlaupet frå Trollvatnet. Deretter skal vassvegen leggjast i nedsprengt grøft i ei kløft aust for Trollelva ned fjellsida og vidare nedgraven i lausmassar til kraftstasjonen på kote 3, der vatnet vert ført tilbake til elva. Kraftverket vil få ei installert effekt på 1,4 MW og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på 5,7 GWh.

For å sikra ein viss botndyrproduksjon, nok vasstraum gjennom det flatare partiet og av omsyn til elva som landskapselement har NVE fastsett ei minstevassføring frå inntaket på 50 l/s i perioden 1.6-30.9 og 20 l/s resten av året.

NVE vurderar utbygginga med fastsett minstevassføring og justert røyrtrasé til å vere akseptabel i høve til ålmenne og private interesser.