Tverrfjellelva kraftverk

Registreringsnummer
4681
Saksnummer
200701156
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Utgått/bortfalt
Tiltakshaver
Meløy Energi AS
Fylke
Nordland
Kommune
Meløy
Vassdragsområde
160.32Z
Søkt produksjon
10,00 GWh

NVE gjev Meløy Energi AS løyve til å bygge Tverrfjellelva og Selstaddalen kraftverk i Tverrfjellelva i Meløy kommune i Nordland. Dei to
kraftverka vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på tilsaman om lag 13,4 GWh. Dette svarar til den årlege straumbruken
til rundt 670 husstandar.

Tverrfjellelva kraftverk er planlagd med ein installert effekt på 3,3 MW og vil nytte eit fall på 498 m i Tverrfjellelva si nordre grein.
Kraftverket vert bygd med inntaksdam i 688-vatnet, og vassvegen skal gå i tunnel/sjakt. 688-vatnet vert regulert med 5 m.

Selstaddalen kraftverk er planlagt med ein installert effekt på 1,6 MW og vil nytte eit fall på 125 m i Tverrfjellelva med inntaksdam både
i nordre og søre grein av Tverrfjellelva. Røyrgata skal gravast ned fram til kraftstasjonen.

Tverrfjellelva ned frå 688-vatnet kan
tidvis vere eit betydeleg landskapselement, og det går anadrom fisk opp i vassdraget. NVE har sett krav om ei minstevassføring som
skal ivareta omsynet til fisk, vasstilknytta liv i og langs elva og elva som landskapselement.

Med dei fastsette vilkåra meiner NVE at fordelane gjennom ein auke i fornybar energiproduksjon på om lag 13,4 GWh er større enn skader og ulemper for dei allmenne
interessene som vert råka. NVE gjev difor løyve til Tverrfjellelva og Selstaddalen kraftverk på fastsette vilkår.