Reppaelva småkraftverk
- Registreringsnummer
- 4667
- Saksnummer
- 200701289
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Status
- Avslått søknad
- Vedtaksdato
- 27.09.2011
- Tiltakshaver
- Småkraft AS
- Fylke
- Nordland
- Kommune
- Rødøy
- Vassdragsområde
- 159.7A0
- Søkt produksjon
- 7,30 GWh
Eit løyve og eit avslag i Reppaelva
NVE anbefaler at Rødøy-Lurøy Kraftverk AS får løyve til ei ny overføring til reguleringsmagasinet Reppavatnet i Rødøy kommune i Nordland. Samla årleg produksjon vert på rundt 13 GWh, som svarar til straumbruken til 660 husstandar. Samstundes avslår NVE søknaden frå Småkraft AS om løyve til å byggje Reppaelva kraftverk. NVE meiner at skadane og ulempene for dei allmenne interessane er større enn fordelane ved kraftverket.
Rødøy-Lurøy Kraftverk (RLK) har søkt om løyve til å overføre vatn frå Rismålskardet i dei øvre delane av Reppavassdraget til deira magasin i Reppavatnet. I same tidsrom har Småkraft AS søkt NVE om løyve til å nytta nedre del av fallet i Reppaelva. Dei to prosjekta er delvis konkurrerande.
RLKs prosjekt vil føre vatn frå to mindre elver øvst i Reppavassdraget til Reppavatnet, som har vore regulert sidan 1950-talet. Prosjektet vil gje redusert vassføring på om lag 1 km i båe elvestrekningane nedstrøms inntaka. Restfeltet er stort, og vassføringa blir lite redusert lengre nedstraums.
Etter NVE sin vurdering har tiltaket få negative verknader, og vil bidra positivt med auka kraftproduksjon. NVE legger vekt på at den auka krafta er regulerbar. NVE rår i dag Olje- og energidepartementet til å gje løyve til RLKs overføring.
Småkraft AS planla Reppaelva kraftverk med ein installert effekt på inntil 2 MW. Årleg produksjon vart berekna til 7,3 GWh, som svarar til straumbruken til om lag 360 husstandar, men ei overføring frå Rismålskardet til Reppavatnet ville føre til ei lågare årleg produksjon i Reppaelva kraftverk enn berekna i søknaden.
NVE sitt avslag bygger på dei negative konsekvensane som endra vassføring og tekniske inngrep kan medføre for biologisk mangfald, landskapsbiletet og samla belastning. Tiltaket vil redusere vassføringa i ei anadrom elvestrekning, samt i eit elvedelta som er ei truga naturtype med stor verdi for biologisk mangfald.
Etter NVE sin meining vil dei planlagde inngrepa og ei redusert vassføring ha negativ effekt på desse verdiane, samstundes som prosjektet vil gje relativt lite kraft. NVE vurderar at ei utbygginga i dei nedre delane av Reppaelva ikkje er akseptabel i høve til allmenne interessert, og gir difor ikkje løyve til bygging av Reppaelva kraftverk etter dei planane som er lagt fram.
Kontaktpersonar:
Tilleggsoverføring til Reppavatnet
Avdelingsdirektør Rune Flatby, tlf. 22 95 90 88
Seksjonssjef Carsten Stig Jensen, tlf. 22 95 92 90
Reppaelva kraftverk
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
Senioringeniør Laila P. Høivik, tlf 22 95 92 67