Tista kraftverk

Registreringsnummer
4652
Saksnummer
200700417
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Mini-/mikrokraftverk
Status
Utgått/bortfalt
Tiltakshaver
HALDEN KRAFTPRODUKSJON AS
Fylke
Østfold
Kommune
Halden
Vassdragsområde
001.A6
Søkt produksjon
5,00 GWh

Utsatt byggefrist. Ny frist er 30.03.2022

 

NVE gjev Halden kraftproduksjon AS løyve til å bygge Tista kraftverk i Halden kommune i Østfold. Kraftverket vil få ein årleg fornybar produksjon på om lag 5 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 250 husstandar.

Kraftverket er planlagt med installert effekt på 0,8 MW og utbygginga vil nytte ei fallhøgd på omlag 60 meter. Kraftverket vil utnytte meir av vatnet i eit fall som allereie vert nytta i kraftverket Tistedalsfoss II. Frå inntaket ved Svanedammen i Femsjøen vert vatnet ført i røyr langs elveløpets nordside, under industribygget (i eksisterande tunnel) til tidlegare Bomuldsspinneriet, for deretter å følgje den naturlege vassvegen ned til tenkt plassering av kraftstasjon innerst i Lilleelva. Det nye kraftverket vil gje eit positivt tilskot til auka kraftproduksjon samstundes som kraftverket vil sikre betre gyte- og oppveksttilhøve for laksestamma i Tista. Betring av tilhøva for laksen skjer gjennom å sikre stabil vassføring på ein lakseførande strekning i ein del av Tista (Lilleelva) som normalt har for ustabil vassføring for laks. Røyrgata og kraftstasjonen vil verte synlege i landskapet, men NVE vil gjennom godkjenning av detaljplanar for anlegget sjå til at anlegget får ei god stadstilpassa utforming. NVE meiner samla sett at nytta at tiltaket overstig skader og ulemper private og almenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Tista kraftverk på fastsette vilkår.