Stallojåkka kraftverk
- Registreringsnummer
- 4646
- Saksnummer
- 200700546
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Status
- Avslått søknad
- Vedtaksdato
- 22.06.2009
- Tiltakshaver
- Småkraft AS
- Fylke
- Troms
- Kommune
- Bardu
- Vassdragsområde
- 196.AC3
- Søkt produksjon
- 7,70 GWh
NVE seier nei til bygging av Stallojåkka kraftverk i Bardu kommune, Troms. NVE meiner fordelane ved bygging av kraftverket ikkje veg opp for skadar og ulemper som påførast ålmenne interesser.
Småkraft AS har søkt om løyve til å bygge Stallojåkka kraftverk i Bardu kommune. Kraftverket ville nytte eit fall på om lag 420 m frå inntak på kote 680 til kraftstasjon på kote 260. Kraftverket var planlagt med ein installert effekt på om lag 2,7 MW og ein årleg produksjon på om lag 7,7 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 385 husstandar.
NVE legg i si vurdering vekt på at bygging av Stallojåkka kraftverk vil føre til redusert vassføring i Stallojåkka, noko som NVE meiner vil vere negativt for elva som landskapselement. NVE har også lagt vesentlig vekt på dei negative konsekvensane for landskapet forbunde med legging av røyrgate og bygging av inntak i høgfjellet. NVE meiner derfor at fordelane ved bygging av Stallojåkka kraftverk er mindre enn ulempene for ålmenne interesser, og kravet i vassressurslova § 25 er då ikkje oppfylt. På denne bakgrunnen er søknaden avslått.