Ygleelvi småkraftverk

Registreringsnummer
4577
Saksnummer
200702124
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Utgått/bortfalt
Tiltakshaver
SMÅKRAFT AS
Fylke
Vestland
Kommune
Sogndal
Vassdragsområde
079.1Z
Søkt produksjon
14,00 GWh

NVE gjev Småkraft AS løyve til å bygge Ygleelvi småkraftverk i Ygleelvi i Balestrand kommune, Sogn og Fjordane. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 14 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 700 husstandar.

Ygleelvi kraftverk vil nytte eit fall på 605 m frå kote 620 til 15. Frå inntaket vert vatnet ført i tunnel i øvre del, og deretter nedgrave røyr ned til kraftstasjonen. Av omsyn til biologisk mangfald, friluftsliv og elva som landskapselement, har NVE fastsett ei minstevassføring på 80 l/s i sommarperioden (1.5. - 30.9.) og 30 l/s i vinterperioden (1.10. - 30.4.) Gjennom detaljgodkjenning og oppfølging i byggetida vil NVE sjå til at landskapsinngrepa knytt til utbygginga vert avgrensa i størst mogleg grad. NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.