Tverråna minikraftverk
- Registreringsnummer
- 4576
- Saksnummer
- 200702101
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Mini-/mikrokraftverk
- Status
- Utgått/bortfalt
- Tiltakshaver
- Tveit
- Fylke
- Rogaland
- Kommune
- Suldal
- Vassdragsområde
- 036.B4Z
- Søkt produksjon
- 1,15 GWh
NVE gir Jarle og Marit Tveit og Vidar og Anita Austarå løyve til å byggje Tverråna minikraftverk. Prosjektet ligg i Hamrabøvassdraget, i Suldal kommune i Rogaland. Hamrabøvassdraget vart verna i 1993 grunna verdiane i vassdraget som er knytt til naturmangfald, kulturminne, friluftsliv og urørt natur. Vasskraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 1,15 GWh. Dette svarar til straumbruken til i underkant av 60 husstandar.
Tverråna minikraftverk vil etter dei framlagde planane nytte ei fallhøgd på 185 m mellom kote 475 og 290. Vatnet skal verte ført i nedgrave røyr heile vegen frå inntaket og ned til kraftstasjonen.
Den viktigaste problemstillinga i saka er slik NVE ser det, omsynet til verneverdiane, naturtypen bekkekløft samt den samla belastninga på vassdraget. Dei fleste høyringspartane meiner at ei utbygging kan verte gjennomført, medan Fylkesmannen var imot utbygging. På generelt grunnlag meiner NVE at det i verna vassdrag skal vere att noko av den naturlege variasjonen på den utbygde elvestrekninga. Med slepp av ei relativt høg minstevassføring og avgrensa slukeevne meiner NVE at omsynet til verneverdiane og allmenne interesser elles kan takast vare på. I tillegg til ein viss produksjonsauke vil tiltaket kunne vere med på å styrkje mogelegheita for å oppretthalde busetnad og dermed bevaring av det verdifulle kulturmiljøet i Hamrabøgrenda.
NVE meiner fordelane i høve til dei allmenne interessene er større enn skadane og ulempene ved å byggje kraftverket, og gjev difor løyve til Tverråna minikraftverk på fastsette vilkår.